Eigarskapsmelding Sunnfjord kommune

Dette er den første eigarmeldinga som vert utarbeidd for Sunnfjord kommune.
Meldinga gjeld for åra 2020 – 2021, og eigarmeldinga bør rullerast kvart år. Det er
Kommunedirektøren som har ansvar for rullering av meldinga, etter bl.a rapportering frå
eigarrepresentantane.

Gratis barnehageplass til første fødte i Sunnfjord kommune!

No er tida her for å planlegge første fødte innbyggjar i Sunnfjord kommune!

Sunnfjord kommune gjev vekk 1 år med barnehageplass i Sunnfjord kommune til det første barnet som blir født i den nye kommunen.

Konkurransereglane er greie, men du må starte no!

  1. Du må bu i Sunnfjord kommune i det barnet vert født (så det er enno tid til å flytte)
  2. Den gratis barnehageplassen er i Sunnfjord kommune

Normal varigheit på eit svangerskap er 283 dagar. 23. mars 2019 peikar seg dermed ut som ein dag å merke seg

Gå for termin 01.01.2020 – lukke til!

Intervju med juryen i Ung i Sunnfjord

Det er oppretta ein jury med representantar frå alle fire ungdomsråda i kommunen og ein representant frå fellesnemnda. Dei skal vurdere søknadane som er kome inn til Ung i Sunnfjord. Det vert gjeve bort totalt 100 000 kroner fordelt på fleire prosjekt. Les intervju med juryen.

Marius Hauge – Han er leiar i Naustdal ungdomsråd og er valt ut til å sitte i juryen i ungdomsrådet i den nye storkommunen.

Kvifor er akkurat du valgt ut til å sitte i juryen?
Marius fortel at det er han som er leiaren i Naustdal sitt ungdomsråd og blir difor ofte spørt om å sitte i juryar. Dette seier han som oftast ja. Marius fortel at dei hadde ei samling der alle ungdomsråda i den nye storkommunen møtte opp. Kvart ungdomsråd måtte velje ut ein representant. På bakgrunn av dette blei Marius Hauge valt ut til å vere med i juryen i den nye storkommunen.

Kan du gi nokre eksempel på aktivitetar som du meiner er viktige for å gjere ungdommar meir bevisste på å styrke ein felles identitet i Sunnfjord kommune?
Marius fortel at eksempel på aktiviterar kan vere å arrangere aktivitetsdagar, vollyballturneringar og fotballturneringar. Han fortel at det er viktig å finne aktivitetar som ungdommen har lyst til å delta på. Det kan vere nesten kva som helst, så lenge det er tilgjengeleg og ope for alle seier Marius Hauge. Dei som vil vere med å delta på dette prosjektet bestemmer sjølve om dei ønskjer å vere med på innandørs- eller utandørs aktivitetar. Det som er viktigast når vi skal plukke ut kandidatar er at aktivitetane er kjekke for ungdomar og at dei er lett tilgjengelege og opne for alle, slik at dei som bur langt vekke også kan vere med å delta på aktivitetane.

Har de fått inn mange søknader?
Marius fortel at dei ikkje har fått inn så veldig mange søkarar. Fram til no er det komme inn 5 søkarar, og håpar på fleire.

Embla Erviksæter – Ho er leiar i Førde sitt ungdomsråd og representerar Førde i juryen.

Kvifor er akkurat du valgt ut til å sitte i juryen?
Embla seier at ho meldte seg frivillig til å sitte i juryen. Så ho blei valgt til å representere Førde sitt ungdomsråd. Det ho tenke er viktige kriterier for å kunne sitte i juryen er at ein velger rettferdig.  At ein ikkje berre tenkjer på seg sjølv, ein må også tenkje på andre.

Kan du gi nokre eksempel på aktivitetar som du meiner er viktige for å gjere ungdommar meir bevisste på å styrke ein felles identitet i Sunnfjord kommune?
Ho  seier at det må vere aktivitetar som alle kan delta på. Aktivitetar som ungdommar kan bli kjent med kvarandre på og at aktivitetane er tilrettelagt for alle uansett funksjonsnivå.

Kva meiner du er viktige kriterier når du skal plukke ut kandidatar for bidraga?
Embla seier at folk likar så mange forskjellige aktivitetar, og at det er viktig å nå ut til flest muleg. Det er også viktig at det er på ein plass der det kan vere mange ungdommar i lag .

Anita Eide Kvamme – reprensenterer, og er plukka til å leie eit prosjekt som vert kalla symbol og identitet. Dei skal legge til rette for identitetsskapande aktivitet.

Blir det valgt ny jury kvart år?
Prosjektet ung i Sunnfjord kommune er eit eingangsprosjektet som skal gjennomførast i 2020. Det vil bli gitt støtte til prosjektet i år og det kan ta fleire år å gjennomføre prosjektet.

Kvifor er det lagt opp til 5 på 10000 kr og 2 på 25000?
Forslaga som kjem inn kan vere både små og store prosjekt og derfor ha behov for ulike pengesummar.
Som døme på eit stort prosjekt seier ho kan være å utvikle ein app som favnar aktuelle aktiviteter for ungdom i Sunnfjord kommune.

Kvifor vil de støtte aktivitetar som bidrar til å styrkje ein felles identitet i den nye storkommunen?
– Det er fordi vi har lyst til å bygge noko felles. Det blir ikkje lenger ungdommane i Jølster, Førde, Naustdal lenger. No blir det ungdommane i Sunnfjord Kommune seier Anita. Når vi blir slått saman til Sunnfjord kommune har vi mange aktivitetstilbod. Ønsket med dette prosjektet er alt ungdommane skal bli kjent med kvarandre utanfor dagens kommunegrenser. Det er viktig at ungdommane kjenner til aktivitetane på dei andre stadane slik at dei som har spesielle interesser kan bli med.

Meir informasjon og søknadsskjema

Skrive av Tobias Dyregrov

Sjå resultat lokaldemokrati undersøking

Korleis fungerer lokaldemokratiet vårt? KS, Kommunesektorenes organisasjon, har gjennomføre KS Lokaldemokratiundersøking. Undersøkinga bestod i at innbyggjarane og folkevalde svarte på spørsmål om korleis dei vurderar lokaldemokratiet i eigen kommune.

Ung i Sunnfjord

Har du ein idè om aktivitet for ungdom i Sunnfjord? Ungdomsråda gjev vekk 100 000 kroner til aktivitetar for ungdom i Sunnfjord kommune. Dei ønskjer å støtte aktivitetar som bidreg til å styrkje ein felles identitet i den nye kommunen.

Lokaldemokratiundersøking

Korleis fungerer lokaldemokratiet vårt?  KS, Kommunesektorenes organisasjon, har invitert kommunar til å gjennomføre KS Lokaldemokratiundersøking. Undersøkinga består i at innbyggjarane og folkevalde svarar på spørsmål om korleis dei vurderar lokaldemokratiet i eigen kommune.

Undersøkinga kan seie noko om kvar det kan vere behov for utvikling av demokratiet, og er eit godt utgangspunkt for å sette demokratispørsmål på dagsorden i kommunestyre og lokalpolitikken.

Undersøkinga består av 14  spørsmål, og intervjuet vil skje over telefon. Omlag 1200 innbyggjarar fordelt på dei fire kommunane våre vil bli oppringt. Vi set stor pris på om dei som vert oppringt vel å delta.

Høyring kommunevåpen for Sunnfjord kommune

Rein Design og Haltenbanken er engasjert av det politiske prosjektet for symbol og identitet til å utforme kommunevåpen for Sunnfjord kommune. To retningar har vore på høyring, og arbeidet med å ferdigstille eit kommunevåpen held fram.

Kva assosierer du med Sunnfjord kommune?

Vi vil gjerne høyre di meining! Sunnfjord kommune skal få seg kommunevåpen. Det vert gjort eit større kartleggingsarbeid no for å finne ut kva er det eigentlig innbyggjarane assosierer med Sunnfjord kommune?

Vinnar av teiknekonkurranse

Det kom i alt inn 828 forslag til nytt kommunevåpen gjennom teiknekonkurransen. Ideane var mange. Rein Design og Haltenbanken vil no arbeide vidare med desse ideane fram mot nytt kommunevåpen i oktober.

Det vart trekt ein tilfeldig vinnar blant dei innsendte forslaga. Mats Kalstad Dvergsdal vann 10 000 kroner til klassen sin, 7A Halbrend skule.

 

Sjå nokre av forslaga