Samanlikning av helsetenester i Sunnfjord

Prosjektet for pleie og omsorg har samla relevant statistikk innan pleie- og omsorgstenester for dei fire kommunane våre.

Statistikken er henta frå SSB sine folketalsframskrivingar, KOSTRA-tal og Helsedirektoratet. Vi har henta tal frå 2015 – 2016 – 2017 for å kunne å sjå endringar over tid.

LESStatistikk for helse og omsorg i Sunnfjord kommune

Ordforklaringar

  • KOSTRA – Kommune Stat Rapportering: kommunane rapporerter årleg på dette.
  • PLO – Pleie og omsorg
  • Korrigerte brutto driftsutgifter – er driftsutgifter ved kommunen sin eigen tenesteproduksjon inkl.
    avskrivingar korrigert for dobbeltføringar som skuldast vidarefordeling av utgifter/internkjøp
  • Netto driftsutgifter – syner driftskostnadane til pleie og omsorg etter at eigenbetaling og øyremerka
    tilsko frå staten og eventuelt andre direke inntekter er trekt frå.

Felles tenestestandard for helse – og omsorgstenester i Sunnfjord kommune

Ved etablering av Sunnfjord kommune har vi funne det tenleg å samordne kriteriane for tildeling av tenester i helse – og omsorg, og at desse trer i kraft så tidleg som mogeleg. Slik kan vi sikre at vi i størst mogeleg grad har felles praksis/felles tankesett for tildeling av tenester frå 01.01.2020. Det er derfor laga eit forslag til felles standard for tildeling av pleie- og omsorgstenester for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal som skal gjelde frå 01.01.2019. Vidare ynskjer vi også at desse tenestestandardane skal gjelde når Sunnfjord kommune vert etablert frå 01.01.2020, men at dei i løpet av dette året også vert revidert.

Sunnfjord kommune vert etablert frå 01.01.2020 og eit sentralt mål i prosjektet som arbeider med helse- og omsorgstenester er at innbyggjarane i Sunnfjord kommune skal motta likeverdige og harmoniserte tenester av høg kvalitet – uavhengig av kvar ein bur i komunnen.

Alle kommunane har i dag tenestestandardar for helse – og omsorgstenester. Dette er såleis ikkje noko nytt for nokon av kommunane. Ved ein gjennomgang og samanlikning av tenestestandardane i dei 4 kommunane, såg vi at dei innhaldsmessig også var relativt like når det gjaldt kriterium for tildeling av tenester. Det som derimot er ulikt på einskilde område, er kva som er innhaldet i tenestene som vert ytt og måten dei vert ytt på. Døme på dette er:

  • Ikkje alle kommunane har dagsenter for eldre/personar med demenssjukdom
  • Dagsentera har ulike opningstider, både dagleg og i samband med feriar. Det er også ulikt i kva grad det vert tilbydd måltid på dagsentera eller ikkje
  • Kommunane har ulikt tilbod når det gjeld dagaktivitet for unge vaksne
  • Kommunane er ulike i høve til i kva grad dei brukar private ordningar til avlastning (som t.d. Inn på tunet/grøn omsorg).
  • Kommunane er ulike når det gjeld bemanning i heimetenesta – tilbod på kveld/natt/helg.
  • Det er ulikt tilbod når det gjeld matlevering (tilbod om varm og/eller kald mat)
  • Det er ulikt kven som utfører noko av tenestene – kommunen vs. Frivillege. Til dømes er det Frivillegsentralen i Naustdal som driv dagsenter og køyrer ut mat.

Utgangspunktet er at dei 4 kommunane framleis skal ha dei tenestetilboda dei har i dag fram til 01.01.2020, og at vi fram til då må arbeide med å finne ut korleis vi skal skape eit likt tilbod til innbyggjarane våre når vi samlast i èin felles kommune.

I framlegg til tenestestandardar for Sunnfjord kommune har vi laga standardar for tenestene som kan vere felles, sjølv om innhaldet i kva type tenester som vert tilbydd er noko ulikt. Forslaget til felles tenestestandardar får ikkje økonomiske konsekvensar for nokon av kommunane fram til 01.01.2020. Det medfører heller ikkje noko endring i tilbodet til dei som allereie har tenester. Formålet med å ta i bruk felles tenestestandardar allereie frå 01.01.2019 er å starte arbeidet med å samkøyre praksis og tankesett for kor tid ein tildeler tenester og ikkje, kva omfang vi tilbyr tenestene i og kva som etter kvart bør vere felles innhald i tenestene.

Når Sunnfjord kommune vert etablert frå 01.01.2020 bør tenestestandardane reviderast i samsvar med dei tenestene som vert ytt samla i kommunen. Dei kan då også gjerast endå tydelegare på kva som er innhaldet i tenestene. Sakshandsamingsprosessen og vedtaket om felles tenestestandardar for dei 4 kommunane vert derfor 2-delt: Dei 4 kommunestyra må vedta tenestestandardar som skal gjelde frå 01.01.19, medan Fellesnemnda for Sunnfjord kommune må vedta at dei same standardane skal vere gjeldande frå 01.01.2020 og at dei skal reviderast i løpet av 2020.

Les: Felles tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Sunnfjord kommune