600 dagar til Sunnfjord kommune

I dag, 11.mai er det 600 dagar igjen til Sunnfjord kommune skal vere etablert som sjølvsendig kommune. Arbeidet med å etablere den nye kommunen er i godt i gjenge. Stemninga i dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune er god, og vi er i rute for å nå fristen 31.12.2019.

Samanslåinga av kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal til Sunnfjord kommune er ein av dei største kommunesamanslåingane i Norge målt i tal kommunar. Den nye kommunen vil få eit folketal på nær 22 000 innbyggarar – 1/5 av folketalet i Sogn og Fjordane.

Før jul vart eg tilsett som leiar for samanslåingsprosjektet og som rådmann for den nye kommunen. Eg er svært audmjuk for den store oppgåva som ligg framfor meg, men eg er ikkje åleine – eg har mange flinke og entusiastiske tilsette og politikarar med meg på laget. Men først og fremst kjenner eg meg privilegert som får lov til å arbeide med eit så spennande prosjekt der vi faktisk skal skape ein heilt ny kommune.

Fram til 1.september vil eg vere både prosjektleiar og rådmann i Førde kommune. Etter den datoen vil Lise Mari Haugen overta som rådmann i Førde kommune, og eg skal konsentrere meg om den nye kommunen.

Eg er 62 år, og utdanna jordskiftekandidat frå Landbrukshøgskulen. Eg har også utdanning som anleggsingeniør og innan arbeids- og organisasjonspsykologi. Arbeidserfaringa mi har eg først og fremst frå Førde kommune der eg har vore assisterande rådmann og rådmann dei siste 30 åra. Før det arbeidde eg i Asker kommune og NSB.

Det er mykje som skal på plass til nyttår 2020, men vi konsentrerer oss om det som absolutt må eller bør vere på plass 1.januar 2020. Vi har også identifisert oppgåver som med fordel kan og bør vente til den nye kommunen er operativ.

Prosjektet vert leia av Fellesnemnda. 19 politikarar valt blant kommunestyremedlemmane i dei fire kommunane – 7 frå Førde og 4 frå kvar av dei andre. Fellesnemnda har fått fullmakt frå dei fire kommunestyra til å organisere og etablere den nye kommunen. Fellesnemnda vart etablert sommaren 2017, har hatt 9 møte og arbeider godt.

Fellesnemnda har etablert 4 politiske hovudprosjekt der politikarane i fellesnemnda er medlemmar i prosjektgruppene:
• Politisk organisering – leiar Åsmund Berthelsen
• Framtidas lokaldemokrati – leiar Reidun Støfring
• Eigarskap – leiar Bjørn Harald Haugsvær
• Symbol og identitet – leiar Anita Eide Kvamme.

I juni skal fellesnemnda vedta den politiske organiseringa. Berre talet på representantar i det nye kommunestyret er førebels bestemt – 45.

11.mai.2018
Ole John Østenstad
Rådmann i Sunnfjord kommune

Administrativ organisering

Rådmann for Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad, har klart framlegg til administrativ organisering av den nye kommunen.

Fellesnemnda skal handsame saka i mai, og fekk ein presentasjon i møtet no i april. Sjå presentasjonen: 18.03.15 Administrativ struktur – organisasjonskart 2018

Nyhendebrev november 2017

Arbeidet med ny kommune er godt i gong. Les meir om prosjektorganisering, tilseting av ny rådmann og frikjøps- og komensasjonsordningar. Nyhendebrev november 2017 (PDF)

Nyhendebrev juni 2017

Her finn du nyhendebrev frå prosjektleiar Øystein Høyvik:

Dagsorden møte i styringsgruppa 20.03.17

Tidspunkt :  Måndag 20.03.17 kl  11.00 -12.30

Stad:  Førde rådhus, møterom Jølstra 4. etg

 

Dagsorden:

  1. Gjennomgang og godkjenning av referat frå møte 03.02.17
  2. Oppsummering av felles formannskapsmøte 14. og 15.02.17
  3. Gjennomgang av referat frå møte i prosjektgruppa 15.02.17 og 10.03.17
  4. Informasjonssaker
    1. Saksutgreiing knytt til kommunenamn (blir sendt ut i etterkant av prosjektgruppa sitt møte 17.03.17)
    2. Saksutgreiing knytt til oppretting av fellesnemnd mv (blir sendt ut i etterkant av prosjektgruppa sitt møte 17.03.17)
    3. Tilbakemelding frå møte med kommunalsjefar mv 17.03.17
  5. Drøftingssaker
    1. Bruk av Facebook
    2. Prosjektorganisering etter at fellesnemnda er etablert
  6. Avgjerdssaker
    1. Notat knytt til fond
  7. Møteplan – avklare nytt tidspunkt for neste felles formannskapsmøte
  8. Eventuelt

Dagsorden møte i prosjektgruppa 17.03.17

Tidspunkt: Fredag 17.03.17 kl 11.00 – 12.30
Stad: Førde rådhus, møterom Jølstra

Dagsorden

1. Gjennomgang og godkjenning av referat frå møte 10.03.17

2. Saksutgreiing knytt til kommunenamn (blir sendt ut til styringsgruppa i etterkant av møtet)

3. Saksutgreiing knytt til oppretting av fellesnemnd mv (blir sendt ut til styringsgruppa i etterkant av møtet)

4. Evaluering og oppfølging møte med kommunal- og personalsjefar mv 17.03.17

5. Vidare arbeid med prosjektorganisering

6. Eventuelt

Dagsorden møte i prosjektgruppa 10.03.17

Tidspunkt: Fredag 10.03.17 kl 11.00 – 14.30 (lunsj i kantina kl 12.00)
Stad: Førde rådhus, møterom Haukedalen.

Dagsorden

  • Gjennomgang og godkjenning av referat frå møte 15.03.17
  • Intranett/prosjektplass v/ Solveig Masdal Haugsvær
  • Facebook v/ Marit Kleiven
  • Kort gjennomgang av prosjektforventningane som er omtalt i felles kommunestyresak frå september 2016 v/ Øystein
  • Høyvik
  • Saksutgreiing knytt til namn på ny kommune v/ Øystein Høyvik
  • Saksutgreiing knytt til oppretting av fellesnemnd v/ Øystein Høyvik
  • Kartlegging i høve sektor- og fagområde
  • Gjennomgang av oppgåve gitt av prosjektgruppa
  • Gjennomgang av tilbakemeldingar
  • Avklare innhald/dagsorden møte 17.03.17
  • Avklare behov for tilleggsutgreiingar i forkant av møte 17.03.17
  • Prosjektorganisering knytt til fellesnemnda – vidare arbeid med notat. Innleiing v/ Øystein Høyvik
  • Vurdere to tiltak som ikkje er omtalt i kommunestyresakene frå september 2016
  • Omdømmeprosjekt
  • Språkprosjekt
  • Drøfte behovet for spelereglar/praksis knytt til ledige stillingar, vakansar, rekruttering mv i perioden dd – 01.01.2020
  • Seminar 3 i regi av KMD, KS og hovud samanslutningane
  • Samling 2 i administrativt nettverk – kven deltek på samlinga 30. mars 2017
  • Møteplan
  • Felles formannskapsmøte 04.04.16
  • Eventuelt

Dagsorden møte 13.02.17 i namnekomiteen

Tidspunkt: Måndag 13.02.17 kl 09.00 – 11.00
Stad: Førde rådhus, møterom Sunde 2. etg.

1. Gjennomgang og godkjenning av referat frå møte 03.02.17

2. Gjennomgang av tilbakemelding frå dei andre Sunnfjord- kommunane

3. Gjennomgang av tilbakemelding frå Språkrådet

4. Avklare vidare prosess

a. Er det behov for å rådføre seg ytterlegare med Språkrådet eller andre kompetansemiljø?

b. Er det aktuelt med innbyggjarundersøking?

c. Er det aktuelt å rådføre seg med felles formannskapsmøte 14. og 15.02.17?

5. Møteplan

6. Eventuelt

Felles formannskapsmøte 14.-15.februar 2017

Stad: Kviknes Hotel, Balestrand
Tidsråme: Startar med lunsj 14.02.17, og blir avslutta med lunsj 15.02.17.

Kven deltek:
– Formannskapa supplert med gruppeleiarar
– Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/ Anne Karin Hamre (15.02.17) og Kåre Træen (14.02.17)
– Prosjektgruppa

Les meir:

Ny kommune i indre Sunnfjord – felles formannskapsmøte 14. og 15. februar 2017 (356890) (PDF)

Fellesnemnd – ny kommune i indre Sunnfjord

Prosjektgruppa har drøfta og kjem med forslag til organisering av fellesnemnda, fullmakter, storleik, samansetjing, samansetjing av undernemnder og rolleavklaring/informasjon mot dei ordinære kommunestyra.

Les meir:

Fellesnemnd – notat desember 2016B – ajourført 29.01.2017 (PDF)