Årets eldsjel

Vi gratulerer Åsmund Berthelsen med prisen Friluftslivets eldsjel! 

Med innsatsen hans for skileik og orientering skapar han mykje glede. Omlag eit halvt årsverk med frivilligarbeid blir det på den engasjerte naustedølen.

 

Les Firda sin artikkel om Åsmund

 

 

500 dagar att til Sunnfjord kommune

Søndag 19. august var det 500 dagar til vi blir Sunnfjord kommune! Vi er godt i rute for å komme i mål til fristen 31.12.2019.

Eg har no vore prosjektrådmann for Sunnfjord kommune i om lag eit halvt år. Dette har vore kjekke månader der eg eg har fått treffe mange dyktige tilsette og politikarar i våre fire kommunar. Fram til no har eg hatt delt stilling som rådmann i Førde og som prosjektleiar, men frå 1. september skal eg arbeide i full stilling som prosjektleiar.

Administrativ organisering
Etter at fellesnemnda 9. mai 2018 vedtok administrativ organisering byrja arbeidet med å plassere inn tilsette i den nye organisasjonen. Før sommaren gjennomførte eg saman med rekrutteringsfirmaet Skagerak Consulting formelle intervju med dei som hadde signalisert interesse for å bli ein del av mi leiargruppe. Eg valte å tilsette i 10 av 12 leiarstillingar. Stillingane som kommunalsjefar for barnehage og kultur/idrett blir lyst ut eksternt på eit seinare tidspunkt. Sjå organisasjonskart

Leiargruppa vil bestå av tidlegare tilsette frå alle kommunane:
• Assisterande rådmann: Lise Mari Haugen (assisterande rådmann Førde)
• Kommunalsjef skule: Atle Fasteland (rådmann Gaular)
• Kommunalsjef helse og sosial: Kurt Even Andersen (kommunalsjef Førde)
• Kommunalsjef omsorg: Kirstin Bruland (kommunalsjef Jølster)
• Kommunalsjef teknisk og miljø: Øyvind Bang-Olsen (rådmann Naustdal)
• Stabsleiar fagutvikling: Øystein Høyvik (stabsleiar Førde)
• Stabsleiar personal og organisasjon: Jan Birger Moe (personalsjef Førde)
• Stabsleiar service: Ellen Jensen (rådmann Jølster)
• Stabsleiar samfunnsutvikling og næring: Trond Ueland (kommunalsjef Førde)
• Stabsleiar rekneskap og skatt: Terje Guddal (har i dag same rolla i høve alle dei fire kommunane).

Innan 1. november 2018 skal vi ha tilsett leiarar for alle einingane i Sunnfjord kommune. For mange av leiarstillingane vil det ikkje skje endringar – det vil vere same rektor eller styrar som held fram. Men for nokre fagområde vil det skje nytilsettingar. Til desse stillingane er eg trygg på at vi vil finne gode kandidatar blant leiarane i alle våre fire kommunar. Dei nye kommunalsjefane vil vere sentrale i denne prosessen og vil gjennomføre naudsynte avklaringssamtalar/-møte med dei involverte.

I november og desember 2018 vil vi arbeide med bemannings- og kompetanseplan for heile organisasjonen – og kor målet er at tilsette tidleg i 2019 veit kva som blir sin arbeidsplass frå 01.01.2020. Men igjen; for dei fleste  vil det vere same arbeidsplass og –oppgåver som gjeld.

Politisk organisering
Fellesnemnda har også vedtatt ny politisk organisering.

Utvikling
Vi er allereie byrja å sjå resultat av Sunnfjord kommune. Måndag 13.08.18 vart det gjennomført felles utviklingsdag for om lag 1 000 tilsette i skulane og barnehagane. Temaet var «inkluderande barnehage og skulemiljø», og med fokus på førebygging av mobbing. Vi har i etterkant fått mange positive tilbakemeldingar på samlinga. Les om inkluderande barnehage og skulemiljø.

Framover vil vi også ha stor merksemd på utvikling av gode tenester med fokus på digitalisering, desentralisering og nærleik. For å hjelpe oss i dette arbeidet har vi tilsett Jakob Andre Sandal. Jakob Andre er i dag tilsett i Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT), er busett på Jølster, og han er varaordførar i kommunen.

Informasjon
11. og 12. september 2018 kl 18.00 – 20.00 blir det gjennomført felles informasjonsmøte for alle tilsette. Samlingane vil vere i Festsalen i Førdehuset. Meir informasjon

 

Eg gler meg til det vidare arbeidet – lykke til!

Ole John Østenstad
Rådmann Sunnfjord kommune

Reiseguide Sunnfjord

Topptur er ikkje einstydig med vinter. Toppane er der om sommaren og. Heldige er vi i Sunnfjord som har nokre av dei beste!

Heilskapleg adressering Sunnfjord kommune

Det er ei nasjonal målsetting at alle adresseverdige bygningar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse, med adressenummer og eventuell tilleggsbokstav. Det er no viktig at det vert ein einsarta og lett forståeleg adressesystem i dei fire kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Det er i denne samanheng oppretta eit felles adresseprosjekt skal sikre ein heilskapleg politikk for adressering i den nye kommunen.

For å sikre ei slik adressering er det no utarbeidd ei felles lokal adresseforskrift for desse kommunane. Forslaget er utarbeid av ei prosjektgruppe samansett av ein person frå kvar kommune. Ny adresseforskrift er no vedteken for nesten alle kommune, Naustdal kommune vil fremje vedtak i neste kommunestyre.

Ny adresse forskrift kan de finne her; Forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde Gaular Jølster og Naustdal Sogn og Fjordane

Desse skal leie Sunnfjord kommune

Leiarar i Sunnfjord kommune:
• Assisterande rådmann: Lise Mari Haugen
• Kommunalsjef skule: Atle Fasteland
• Kommunalsjef helse- og sosial: Kurt Even Andersen
• Kommunalsjef omsorg: Kirstin Bruland
• Kommunalsjef teknisk og miljø: Øyvind Bang-Olsen
• Stabsleiar fagutvikling: Øystein Høyvik
• Stabsleiar personal- og organisasjon: Jan Birger Moe
• Stabsleiar service: Ellen Jensen
• Stabsleiar samfunnsutvikling og næring: Trond Ueland
• Stabsleiar rekneskap og skatt: Terje Guddal

Følgjande to stillingar vert lyst ut eksternt:
– Kommunalsjef barnehage
– Kommunalsjef kultur og idrett

Oversikt over prosjekt i skule og barnehage

Arbeidet med  tilbodet til oppvekst er godt i gong. Vi vil i tida fram til 2020 bygge ein organisasjon på skule og barnehage som sikrar gode tenester med høg fagleg kvalitet til innbyggjarane.

Det er oppretta ei styringsgruppe med følgjande medlemmar:

  • Helge Sæterdal, kommunalsjef Førde, leiar.
  • Merete Grimestad Birkeland, skule- og kultursjef, Gaular.
  • Turi Bruland, oppvekstutviklar, Naustdal.
  • Lise Fitje Toverud, kommunalsjef oppvekst, Jølster.
  • Stian Jakobsen, Hovudtillitsvald Unio.
  • Jetvard Kalland, prosjektsekrtariat for Sunnfjord kommune

Det er planlagt 13 ulike arbeidsgrupper med tilsette frå dei fire kommunane som er i gong med kartlegging og planlegging.

Sjå oversikt over prosjekt og plan for framdrift:  Prosjektoversikt oppvekst

Vinnar av teiknekonkurranse

Det kom i alt inn 828 forslag til nytt kommunevåpen gjennom teiknekonkurransen. Ideane var mange. Rein Design og Haltenbanken vil no arbeide vidare med desse ideane fram mot nytt kommunevåpen i oktober.

Det vart trekt ein tilfeldig vinnar blant dei innsendte forslaga. Mats Kalstad Dvergsdal vann 10 000 kroner til klassen sin, 7A Halbrend skule.

 

Sjå nokre av forslaga

 

Vil du vere med å utvikle Sunnfjord kommune?

Vil du vere med å utvikle Sunnfjord? Vi har oppretta ei ny fast 100 % stilling som koordinator for digitalisering i Sunnfjord kommune.

Om oss:
Kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde har gjort vedtak om å slå seg saman til Sunnfjord kommune med verknad frå 01.01.2020. Sunnfjord kommune har som målsetting å vere ei drivkraft og fylkessenter for Sogn og Fjordane der det blir levert tenester med høg kvalitet til innbyggarane. Digitalisering vil vere eit viktig virkemiddel for å nå vedtekne mål.

Om stillinga:
Til å leie dette arbeidet søkjer vi etter koordinator i 100% fast stilling frå snarast.

Arbeidsområde:
•pådrivar for utvikling av digitale løysingar for innbyggarar og tilsette
•prosjektleiing og koordinering
•utgreiingsarbeid

Vi søkjer deg som har:
•høgare relevant utdanning på bachelor- eller mastergradsnivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
•god munnleg og skriftleg framstillingsevne
•erfaring og kompetanse knytt til prosjektleiing
•gode samarbeidsevner
•evne til å arbeide systematisk, effektivt og sjølvstendig
•erfaring frå å leie utviklingsarbeid

Løn etter avtale.

Førde kommune vil vere arbeidsgjevar fram til den nye kommunen er etablert.

Meir informasjon:

Har du spørsmål, ta kontakt med Øystein Høyvik, prosjektkoordinator Sunnfjord kommune, tlf. 936 74 106 eller Ole John Østenstad, prosjektleiar/rådmann, tlf. 901 79 283.

Søknad:

Søk på stillinga med vårt elektroniske søknadsskjema og oppgi saksnr. 18/1645.

Søknadsfrist: 10. juni 2018

Slik vil Sunnfjord kommune bli organisert

9.mai gjorde fellesnemnda vedtak om administrativ organisering for Sunnfjord kommune. Organiseringa har vore orientert om og drøfta med ulike grupperingar – mellom anna rådmenn, fagnettverk, tillitsvalde og politiske gruppeleiarane.

Følgjande prinsipp ligg til grunn:
• Mål- og rammestyring
• Heilskapleg tenesteyting
• Tenestene skal vere ein del av kommuneorganisasjonen
• Optimalisering av ressursbruken
• God medråderett og partssamarbeid
• Tydeleg organisasjonsstruktur
• Tydeleg og reelt ansvar
• Maksimal delegering av mynde til leiarane
• Skilje forvaltning og tenesteyting

Fire ulike modellar har blitt gjort greie for. Modellen som prosjektleiar/rådmannen tilrådde vart samrøystes vedteke. Modellen er ein såkalla 2 nivå modell med seks kommunalsjefar, og vil i stor grad vere ei vidareføring av korleis dei fire kommunane i dag er organisert.

Modellen oppfyller ønskje om tydeleg einingsstruktur og tydeleg og reelt ansvar der leiarane har god nærleik til tenestene og til dei tilsette. Modellen fordrar ei stor leiargruppe, men kommunalsjefane vil ha tydeleg og avgrensa ansvar.
Modellen er også tydeleg på å løfte opp kultur som ein eigen, viktig sektor. Sunnfjord kommune blir den største landbrukskommunen i Vestland fylke og landbruk er i modellen skilt ut som eiga eining. Også organiseringa av samfunnsutviklinga er eit stort framsteg.

Modellen vert omtala som model D i utgreiinga. Les heile   utgreiinga og  vedtaket.

600 dagar til Sunnfjord kommune

I dag, 11.mai er det 600 dagar igjen til Sunnfjord kommune skal vere etablert som sjølvsendig kommune. Arbeidet med å etablere den nye kommunen er i godt i gjenge. Stemninga i dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune er god, og vi er i rute for å nå fristen 31.12.2019.

Samanslåinga av kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal til Sunnfjord kommune er ein av dei største kommunesamanslåingane i Norge målt i tal kommunar. Den nye kommunen vil få eit folketal på nær 22 000 innbyggarar – 1/5 av folketalet i Sogn og Fjordane.

Før jul vart eg tilsett som leiar for samanslåingsprosjektet og som rådmann for den nye kommunen. Eg er svært audmjuk for den store oppgåva som ligg framfor meg, men eg er ikkje åleine – eg har mange flinke og entusiastiske tilsette og politikarar med meg på laget. Men først og fremst kjenner eg meg privilegert som får lov til å arbeide med eit så spennande prosjekt der vi faktisk skal skape ein heilt ny kommune.

Fram til 1.september vil eg vere både prosjektleiar og rådmann i Førde kommune. Etter den datoen vil Lise Mari Haugen overta som rådmann i Førde kommune, og eg skal konsentrere meg om den nye kommunen.

Eg er 62 år, og utdanna jordskiftekandidat frå Landbrukshøgskulen. Eg har også utdanning som anleggsingeniør og innan arbeids- og organisasjonspsykologi. Arbeidserfaringa mi har eg først og fremst frå Førde kommune der eg har vore assisterande rådmann og rådmann dei siste 30 åra. Før det arbeidde eg i Asker kommune og NSB.

Det er mykje som skal på plass til nyttår 2020, men vi konsentrerer oss om det som absolutt må eller bør vere på plass 1.januar 2020. Vi har også identifisert oppgåver som med fordel kan og bør vente til den nye kommunen er operativ.

Prosjektet vert leia av Fellesnemnda. 19 politikarar valt blant kommunestyremedlemmane i dei fire kommunane – 7 frå Førde og 4 frå kvar av dei andre. Fellesnemnda har fått fullmakt frå dei fire kommunestyra til å organisere og etablere den nye kommunen. Fellesnemnda vart etablert sommaren 2017, har hatt 9 møte og arbeider godt.

Fellesnemnda har etablert 4 politiske hovudprosjekt der politikarane i fellesnemnda er medlemmar i prosjektgruppene:
• Politisk organisering – leiar Åsmund Berthelsen
• Framtidas lokaldemokrati – leiar Reidun Støfring
• Eigarskap – leiar Bjørn Harald Haugsvær
• Symbol og identitet – leiar Anita Eide Kvamme.

I juni skal fellesnemnda vedta den politiske organiseringa. Berre talet på representantar i det nye kommunestyret er førebels bestemt – 45.

11.mai.2018
Ole John Østenstad
Rådmann i Sunnfjord kommune