Høyring vedtekter SFO-tilbod

Vedtektene for SFO-tilbodet i ny kommune er og sendt på høyring. Formelle høyringspartar er skulane, samarbeidsutvalet/ skulemiljøutvalet ved skulen, foreldrerådet for SFO og dei tilsette sine organisasjonar. Vedtektene skal behandlast i fellesnemnda og i dei enkelte kommunestyra sidan ein tek sikte på at vedtektene skal gjelde frå 1. august i 2019.

Frist for høyring 25.januar

LES Framlegg til kommunale vedtekter for SFO

 

Illustrasjon: Gregory Idehen

Høyring vedtekter for kommunale barnehagar

Vedtektene for dei kommunale barnehagane i Sunnfjord kommune er sendt på høyring til barnehagane. Formelle høyringspartar er dei kommunale barnehagane, Samarbeidsutval, foreldreråd og dei tilsette sine organisasjonar. Vedtektene skal behandlast i fellesnemnda og i dei enkelte kommunestyra sidan ein tek sikte på at vedtektene skal gjelde frå 1. august i 2019.

Høyringsfrist er 25. januar 2019.

LES Famlegg kommunale vedtekter barnehage Sunnfjord

 

Illustrasjon: Gregory Idehen

Sunnfjord kommune – eitt år igjen!

Arbeidet med å etablere Sunnfjord kommune går bra, og vi er godt i rute til å vere operative 1.1.2020. Vi har bak oss eit hektisk år der vi har fått på plass mykje av det som skal vere «grunnmuren» for den nye kommunen:

  • Politisk organisasjonsstruktur
  • Administrativ struktur
  • Leiargruppa er tilsett
  • Einingsleiarane er tilsett
  • Tilsette i stabane er innplassert i nye stillingar
  • Politiske reglement er utarbeidd
  • Nytt kommunevåpen er vedteke

Det er mange som arbeider med å organisere den nye kommunen. Ca 85 arbeidsgrupper arbeider no med ulike tema som må vere på plass om eitt år. Men hovudinntrykket mitt er at arbeidet går svært bra og at vi er godt førebudde. Eg vil gje ros til alle dei som er med i arbeidet og som nok har fått ei ekstra arbeidsbør som følgje av kommunesamanslåinga. Prosessen er prega av flinke, ivrige og spente tilsette, og eit svært godt og konstruktivt samarbeid med tillitsvalde, verneapparat og politisk leiing.

Innplassering av tilsette
Sunnfjord kommune vil bestå av 79 einingar (skular, barnehagar, omsorgseiningar ol. ) som blir leia av kvar sin einingsleiar. Innan 1.mai 2019 skal alle (ca 2300 personar) vite kvar dei skal arbeide i framtida og kva ev. funksjon dei skal ha i den nye organisasjonen. Det skal utarbeidast nye arbeidskontraktar til alle der dette vil gå fram. For mange vil det bli små endringar og dei vil ha same arbeidsstad og arbeidsoppgåver som tidlegare, men for andre kan det bli større endringar.

Å få innplassert alle tilsette i den nye organisasjonen er eit omfattande arbeid med ein stram tidsplan, og som først og fremst omfattar tilsette i sektorane teknisk og miljø, helse og sosial, omsorg og kultur og idrett. Dei nye kommunalsjefane og einingsleiarane leverte den 1. desember første utkast til organisasjonskart, funksjonskart og bemanningsplan. Desse skal det no arbeidast vidare med ut frå følgjande tidsplan:

  •  Veke 4: Eiga arbeidsgruppe skal utarbeide framlegg til organisering av leiarnivået under einingsleiarane. Skal vere ferdig vedtatt i veke 4.
  • Fram til veke 5 vil ein arbeide med oversikter over tilsette som arbeider i berørte einingar. Det vil seie status i dag, stillingsprosent, gjennomgang av aktuell/relevant plassering i ny eining.
  • I veke 5 vil arbeidet med den interne organiseringa i einingane starte opp att. Arbeidet vil ta utgangspunkt i arbeidet som vart levert 1.desember og arbeidet til arbeidsgruppa som har sett på leiarnivået under einingsleiarane.
  • I veke 6 vil vi vedta utvalsområde og utvalskriterie slik at det blir tydeleg korleis innplasseringa i einingane skal skje.
  • I veke 7 -8 vil vi sende ut elektronisk kartleggingsskjema til tilsette som vert omfatta av endringane for at vi skal få meir informasjon om kor desse ev. skal innplasserast i ny organisasjon. Dette kan vere tilsette med stillingar i fleire einingar, eller i einingar som har blitt delt, ev. andre som vi har behov for å kartlegge.
  • I veke 9-11 vil Omstillingsutvalet arbeide med framlegg til innfasing av tilsette i stillingar med bakgrunn i tidlegare kartleggingar, bemanningsplan og kartleggingsskjema frå tilsette.
  • I veke 10 drøfter og vedtar vi organisering av einingane
  • I veke 12 drøfter og vedtar vi innplassering av tilsette i stillingar
    Planen er at vi startar utsending av arbeidsavtaler f.o.m. 1. mars, og at dette skjer etappevis framover etterkvart som det er klart kor den einskilde skal arbeide. Målet her er som tidlegare skissert; alle skal ha signert arbeidsavtale innan 1. juni 2019.

Ledige leiarstillingar
I dag er det to kommunalsjefstillingar og 13 einingsleiarstillingar det ikkje er tilsett personar i.

Kommunasjefar for barnehage og kultur/idrett. Utlysing vert på nyåret med oppstart sommaren 2019.
Oversikt over ledige stillingar som einingsleiar:

  • Førde bu- og miljøteneste, sone 2. Utlysing på nyåret/våren – oppstart 15.08.19
  • Skei bu- og miljøteneste. Utlysing på våren – oppstart 01.09.19
  • Sande bu- og miljøteneste. Utlysing på våren – oppstart 01.09.19
  • Førde heimeteneste, sone 1. Utlysing på nyåret/våren – oppstart 15.08.19
  • Naustdal omsorgssenter. Utlysing rett over nyttår – oppstart 01.05.19
  • Kjøkkentenesta. Utlysing rett over nyttår – oppstart snarast
  • Førde omsorgssenter, skjerma. Utlysing rett over nyttår – oppstart 15.06.19
  • Sunde barnehage. Konstituert leiar til 01.08.19 – ny utlysing våren
  • Psykiatri og rus. Utlysing på våren – oppstart 01.09.19. Tore Eide leiar arbeidsgruppe fram til einingsleiar er på plass.
  • Fysio- og ergoterapitenesta. Utlysing på våren – oppstart 01.09.19. Knut Erik Folland leiar arbeidsgruppe fram til einingsleiar er på plass
  • Aktivitetseininga. Utlysing rett over nyttår – oppstart snarast
  • Bibliotek. Utlysing rett over nyttår – oppstart 01.06.19. Det er oppretta arbeidsgruppe leia bibliteksjefane som leiar arbeidet fram til ny leiar er på plass
  • Reinhald. Utlysing rett over nyttår – oppstart 01.06.19. Anne Lise Årdal leiar arbeidsgruppe fram til einingsleiar er på plass

Bruk av dei fire kommunehusa
I intensjonsavtalen som ligg til grunn for samanslåinga av dei fire kommunane er det sagt at kommunesenteret skal vere Førde, og bør innehalde alle fellestenester som normalt ligg til ein kommuneadministrasjon. Men dei tidlegare kommunehusa kan nyttast til lokale knutepunkt gjennom bruk av servicetorg, f eks desentraliserte rådhusfunksjonar og plassering av publikumsretta tenester som det er naturleg ligg desentralt.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe leia av rådmannen på Jølster – Ellen Jensen- som skal følgje opp ordlyden i intensjonsavtalen. Dei har vore på synfaringar i dei fire kommunehusa og det er gjennomført husmøte på rådhuset i Førde. Førebelse vurderingar frå gruppa er:

  • Må stå fram som ein samla administrasjon der vi må ta omsyn til både innbyggarane, organisasjonen og tilsette sine behov
  • Det skal vere servicetorg i alle kommunehusa (og kor mest mogleg av publikumsmottak blir «slusa» gjennom)
  • Blir prøvd ut video- og møteromsfunksjonar
  • I utgangspunktet blir ikkje einingar/funksjonar lagt desentralisert
  • Skal etablerast ordning med desentraliserte arbeidsplassar – fortrinnsvis i teamkontor med mål om å skape arbeidsfellesskap på alle kommunehus
  • Den største utfordringa blir truleg å få tilstrekkeleg kontorplassar på rådhuset i Førde.

Kommunevåpen og grafisk profil
Fellesnemnda vedtok i oktober nytt og flott kommunevåpen for Sunnfjord kommune – «4 elvar.

Seinare er det også utarbeidd ein grafisk profil som skal vere utgangspunkt for m.a. heimesider, stillingsannonsar, rapportar, presentasjonar og anna profilering på nettet og i trykksaker. Illustratør er Gregory Kelubia Idehen.

Sjå profil manual: Profilmanual_Sunnfjord Kommune

Politiske prosjekt
Det blir også arbeidd med reglement for dei politiske utvala, delegeringsreglement og eigarstrategi for Sunnfjord kommune. Vi håpar å få handsama desse tre sakene i fellesnemnda tidleg på året i 2019.

Samtidig er arbeidet med å førebu kommune- og fylkestingsvalet 9. september starta opp.

Økonomi
Den største bekymringa eg har, er økonomien i den nye kommunen. Det er fleire grunnar til dette:

  • Utrekningar viser at den nye kommunen vil tape ca 10 mill kr i rammetilskot i året i forhold til kva kommunane får i dag.
  • Stortinget har i haust vedteke nye reglar for eigedomsskatt som kan gje den nye kommunane ytterlegare forverra rammevilkår. Vi veit ikkje førebels kor mykje dette utgjer, men det kan bli betydelege summar.
  • Økonomiplanane og årsbudsjetta i dei fire kommunane er svært ekspansive og vil påføre den nye kommunen eit høgt driftsnivå som det kan bli vanskeleg å handtere.

På første møtet i fellesnemnda 6. februar skal nemnda gje uttale til fylkesmannen om budsjetta og økonomiplanane til dei fire kommunane. Samtidig vil vi prøve å legge fram det første utkastet til skyggebudsjett for den nye kommunen. Vi vil då få ein peikepinn på kva utfordringar vi står framfor når kommunestyret i Sunnfjord kommune skal vedta budsjett for 2020 og økonomiplan for 2021 – 2024. Det som ingen må gløyme, er at den nye kommunen ikkje vil ha meir pengar å rutte med enn kva dei fire kommunane til saman har i dag.

2019
2019 blir eit svært spennande år. Ei av utfordringane blir å få til ein god og smidig overgang frå fire kommunar til ein. Vi vil det nærmaste året ha doble funksjonar ved at vi skal drifte dei fire eksisterande kommunane samtidig som vi skal gjere den nye kommunen operativ. Mykje av arbeidet i året som kjem vil handle om å arbeide fram felles rutinar og arbeidsmåtar slik at tenestene til innbyggarane i Sunnfjord kommune skal bli mest mogeleg like.
I løpet av 2019 skal også alle IT-systema leggast om og byggast opp på nytt.

Sjølv om vi står framfor mange oppgåver som skal løysast dette året, er eg framleis optimist. Eg er trygg på at vi skal vere godt førebudd når vi nærmar oss neste nyttår. Mange vil oppleve den fasen vi går inn i som utrygg og kanskje skremmande, men eg håpar at vi klarar å trygge dei tilsette, politikarane og innbyggarane på ein god måte ved å ha trygge og føreseielege prosessar. Er det noko du er usikker på, ber eg deg ta kontakt med eigen leiar, tillitsvalde, verneapparatet eller nokon av oss som arbeider med å koordinere samanslåinga.

Eg vil til slutt takke alle for godt utført arbeid i 2018, og ønskje alle eit godt nytt år!

Ole John Østenstad
Kommunedirektør
Sunnfjord kommune

 

Illustrasjon: Gregory Idehen

Økonomiplanar 2019-2022

Økonomiplanar for 2019-2022 er utarbeidd for kvar av dei fire kommunane som blir Sunnfjord kommune. Fram til 2020 skal kommunane etter lova kvar for seg utarbeide og vedta økonomiplanar.  Fellesnemnda for Sunnfjord kommune vil handsame planane i etterkant. Det vil også bli utarbeidd eit skuggebudsjett med grunnlag i kommunane sine økonomiplanar. Dette vil ta hensyn til organisering av Sunnfjord kommune og prognosar for økonomiske rammer for den nye kommunen.

Dei fire kommunane har litt ulike prosessar i dag knytt til økonomiplanarbeidet. Gaular og Naustdal handsamar økonomiplan i kommunestyret i desember. Førde og Jølster handsamar  økonomiplan i juni. Førde og Jølster konsekvensjusterer økonomiplan for endringar gjennom hausten.

Sjå økonomiplanane for dei fire kommunane:

 

Fellesnemnda har i vår  handsama  ein budsjettguide for 2019. Denne skildrar den økonomiske situasjonen til Sunnfjord kommunane og inneheld nokre felles føresetnadar for budsjettarbeidet.

LESBudsjettguide 2019

Samanlikning av helsetenester i Sunnfjord

Prosjektet for pleie og omsorg har samla relevant statistikk innan pleie- og omsorgstenester for dei fire kommunane våre.

Statistikken er henta frå SSB sine folketalsframskrivingar, KOSTRA-tal og Helsedirektoratet. Vi har henta tal frå 2015 – 2016 – 2017 for å kunne å sjå endringar over tid.

LESStatistikk for helse og omsorg i Sunnfjord kommune

Ordforklaringar

  • KOSTRA – Kommune Stat Rapportering: kommunane rapporerter årleg på dette.
  • PLO – Pleie og omsorg
  • Korrigerte brutto driftsutgifter – er driftsutgifter ved kommunen sin eigen tenesteproduksjon inkl.
    avskrivingar korrigert for dobbeltføringar som skuldast vidarefordeling av utgifter/internkjøp
  • Netto driftsutgifter – syner driftskostnadane til pleie og omsorg etter at eigenbetaling og øyremerka
    tilsko frå staten og eventuelt andre direke inntekter er trekt frå.

Felles tenestestandard for helse – og omsorgstenester i Sunnfjord kommune

Ved etablering av Sunnfjord kommune har vi funne det tenleg å samordne kriteriane for tildeling av tenester i helse – og omsorg, og at desse trer i kraft så tidleg som mogeleg. Slik kan vi sikre at vi i størst mogeleg grad har felles praksis/felles tankesett for tildeling av tenester frå 01.01.2020. Det er derfor laga eit forslag til felles standard for tildeling av pleie- og omsorgstenester for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal som skal gjelde frå 01.01.2019. Vidare ynskjer vi også at desse tenestestandardane skal gjelde når Sunnfjord kommune vert etablert frå 01.01.2020, men at dei i løpet av dette året også vert revidert.

Sunnfjord kommune vert etablert frå 01.01.2020 og eit sentralt mål i prosjektet som arbeider med helse- og omsorgstenester er at innbyggjarane i Sunnfjord kommune skal motta likeverdige og harmoniserte tenester av høg kvalitet – uavhengig av kvar ein bur i komunnen.

Alle kommunane har i dag tenestestandardar for helse – og omsorgstenester. Dette er såleis ikkje noko nytt for nokon av kommunane. Ved ein gjennomgang og samanlikning av tenestestandardane i dei 4 kommunane, såg vi at dei innhaldsmessig også var relativt like når det gjaldt kriterium for tildeling av tenester. Det som derimot er ulikt på einskilde område, er kva som er innhaldet i tenestene som vert ytt og måten dei vert ytt på. Døme på dette er:

  • Ikkje alle kommunane har dagsenter for eldre/personar med demenssjukdom
  • Dagsentera har ulike opningstider, både dagleg og i samband med feriar. Det er også ulikt i kva grad det vert tilbydd måltid på dagsentera eller ikkje
  • Kommunane har ulikt tilbod når det gjeld dagaktivitet for unge vaksne
  • Kommunane er ulike i høve til i kva grad dei brukar private ordningar til avlastning (som t.d. Inn på tunet/grøn omsorg).
  • Kommunane er ulike når det gjeld bemanning i heimetenesta – tilbod på kveld/natt/helg.
  • Det er ulikt tilbod når det gjeld matlevering (tilbod om varm og/eller kald mat)
  • Det er ulikt kven som utfører noko av tenestene – kommunen vs. Frivillege. Til dømes er det Frivillegsentralen i Naustdal som driv dagsenter og køyrer ut mat.

Utgangspunktet er at dei 4 kommunane framleis skal ha dei tenestetilboda dei har i dag fram til 01.01.2020, og at vi fram til då må arbeide med å finne ut korleis vi skal skape eit likt tilbod til innbyggjarane våre når vi samlast i èin felles kommune.

I framlegg til tenestestandardar for Sunnfjord kommune har vi laga standardar for tenestene som kan vere felles, sjølv om innhaldet i kva type tenester som vert tilbydd er noko ulikt. Forslaget til felles tenestestandardar får ikkje økonomiske konsekvensar for nokon av kommunane fram til 01.01.2020. Det medfører heller ikkje noko endring i tilbodet til dei som allereie har tenester. Formålet med å ta i bruk felles tenestestandardar allereie frå 01.01.2019 er å starte arbeidet med å samkøyre praksis og tankesett for kor tid ein tildeler tenester og ikkje, kva omfang vi tilbyr tenestene i og kva som etter kvart bør vere felles innhald i tenestene.

Når Sunnfjord kommune vert etablert frå 01.01.2020 bør tenestestandardane reviderast i samsvar med dei tenestene som vert ytt samla i kommunen. Dei kan då også gjerast endå tydelegare på kva som er innhaldet i tenestene. Sakshandsamingsprosessen og vedtaket om felles tenestestandardar for dei 4 kommunane vert derfor 2-delt: Dei 4 kommunestyra må vedta tenestestandardar som skal gjelde frå 01.01.19, medan Fellesnemnda for Sunnfjord kommune må vedta at dei same standardane skal vere gjeldande frå 01.01.2020 og at dei skal reviderast i løpet av 2020.

Les: Felles tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Sunnfjord kommune

Første leiarsamlinga i Sunnfjord kommune

6. og 7. november 2018 vart den første leiarsamlinga i Sunnfjord kommune gjennomført. Til stades var om lag 80 spente og engasjerte leiarar, hovudtillitsvalte og verneombod.

Samlinga starta med innslag frå kulturskulane våre – song, tekst, bilde og video.

Etter innleiing av prosjektleiar Ole John Østenstad om forventningar som ligg til den nye kommunen, vart dagane nytta til å arbeide med spørsmål knytt til visjon, verdiar og leiingsprinsipp.

Kvifor er det viktig for Sunnfjord kommune å ha ein visjon?
Målet med ein visjon er at den skal gi oss noko å strekke oss etter – eit framtidsbilde – og som mobiliserer det beste i kvar av oss. I intensjonsavtalen for Sunnfjord kommune står det at hovudmålet med samanslåing er å «sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane» og «vere drivkraft og fylkessenter for Sogn og Fjordane». Spørsmålet blir kva visjon treng vi som framtidsbilde for å nå målsettingane som politikarane våre har vedteke?

Kva er verdiar?
Verdiar er å sjå på som grunnleggande prinsipp som vi opplever det er viktig at Sunnfjord kommune arbeider etter. Døme på verdi er respekt, open, tydeleg og kompetent.

Kvifor treng Sunnfjord kommune leiingsprinsipp?
Formålet med å utarbeide prinsipp for leiing er at dei skal hjelpe leiarane til å styre etter valte verdiar og visjon.

Har du spørsmål – eller gode innspel – ta kontakt med din næraste leiar.

Høyring: skuleruta 2019/2020 og skuleveke på 5 dagar for alle

Det er no høyring for skuleruta 2019/2020. Det er også høyring eit framlegg om at alle elevane i dei fire Sunnfjrod kommunane skal ha 5-dagars skuleveke frå 2019/2020.

Kva skjer i arbeidet med Sunnfjord kommune?

Prosessen med tilsetting av nye einingsleiarar i Sunnfjord kommune er no avslutta i første omgang. 66 einingsleiarar er har fått tilbod om stillingar og har takka ja. I 12 stillingar er det ikkje tilsett nokon, og her vil arbeidet med rekruttering fortsette.

Høyring ordensreglement skulane

Styringsgruppa for oppvekst i kommunesamanslåingsprosjektet har oppnemnt ei arbeidsgruppe som har kome med eit framlegg til forskrift for felles ordensreglement for skule i ny kommune. Dette framlegget har vore drøfta administrativt og vert no sendt ut på høyring i tråd med opplæringslova § 9A-10.

Sidan forskrifta skal gjelde frå 1. august, er det skuleeigar, kommunestyra i dei fire kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal som gjer vedtak. Forskrifta vert først handsama i fellesnemnda som vil gje eit råd til kommunestyra. Forskrifta må og vedtakast av kommunestyret i den nye kommunen når dette er konstituert.

Høyringspartar er foreldre, elevar og tilsette gjennom sine organisasjonar.

Rektorane pliktar å syte for at framlegget vert teke opp i skulen sine rådsorgan, FAU, SU/SMU og elevrådet.

Les: Forskrift ordensreglement for skulane 

Høyringsfrist er 26. november.

Høyringsuttale skal sendast Førde kommune
PB 338, Hafstadv. 42
6802 Førde
E-post: postmottak@forde.kommune.no