Ferietips – finn kjærleiken i sommar!

Premiar – Titur Sunnfjord

Saman med Indre Sunnfjord Turlag inviterer vi til Titur i Sunnfjordfjella. Turane går frå fjæresteinane i vest til breen i aust, og har i seg den gode breidda Sunnfjord har å by på. Naturen er ein del av vår felles identitet, og vi håpar du får nye impulsar og flotte naturopplevingar. 

Slik registrerer du turane
Digital registrering i appen SjekkUT – https://www.dnt.no/sjekkut/
Du må også fylle ut turkort, og levere dette på turlagskontoret ved sesongslutt.
Turkortet får du på turlagskontoret eller skriv ut frå sida til turlaget.

Besøk på turmåla registrerer du i perioden 1.mai til 1. oktober.

Premiar
Turopplevinga er den gjevaste premien, men det er rikeleg med høve til å få med seg andre premiar også for dei som deltek.

  • Deltakarpremie til alle som går minst 10 av 15 turmål, born under sju år får premie for fem turar.
  • Fire gåvekort, verdi 1000 kr pr gåvekort – trekt tilfeldig når sesongen er avslutta blant dei som har gått ti eller fleire turar, fem turar for
    born under 7 år.
  • Bonuspremie – Sunnfjord dagstur sekk vert trekt tilfeldig undervegs blant alle som har registrert minst ein tur.

Del gjerne bilete og turrapporter på nett med emneknaggen #istitur19.

Har du spørsmål
Kontakt med Berit Berger-Nilsen på indresunnfjord@dnt.no eller på 405 13 660

 

Sunnfjord kommune satsar på klart språk

Dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020 har det siste året jobba med klart språk.
Det gler oss difor stort å få tillit og støtte frå KS med nye 60 000 kroner.

KS gir tilskot til klart språk

KS har ansvar for program for klart språk i kommunesektoren og har dei siste åra delt ut tilskot til kommunar og fylkeskommunar som jobbar med klart språk. Vi har tidlegare fått tilskot og får no 60 000 kroner til det vidare arbeidet.

Ein av tre innbyggarar slit med å forstå offentleg informasjon. Difor har KS ei satsing på klart språk i kommunesektoren. Nærare 200 kommunar og fylkeskommunar er i gang.

– Stadig fleire kommunar og fylkeskommunar ser verdien av klarspråkarbeid. Den byråkratiske skrivestilen har vore prega av tungt språk og smitte frå kompliserte lovtekstar. Klarspråk handlar om å setje seg i lesaren sin stad og skrive så folk forstår, seier områdedirektør i KS, Kristin Weidemann Wieland. Dette er eit demokratisk problem, og kan i verste fall føre til at folk ikkje får dei tenestene dei treng.

Språkprofil og klart språk-kurs

Den økonomiske støtta frå KS har vore til god nytte for dei fire samanslåingskommunane. Rundt 120 medarbeidarar har det siste året vore på klart språk-kurs. I tillegg har vi laga ein språkprofil og omarbeidd ein del brevmalar.

 

Nye reglement, forskrifter og planar som skal gjelde for Sunnfjord kommune har også fått seg ein språkvask. Vi ser likevel at vi har mykje arbeid igjen og at det tek tid å endre skrivepraksis. Støtta som vi no har fått for 2019 kjem difor godt med.

 

 

Godkjende vallister

Valstyret har godkjent listeforslag til kommunestyrevalet 2019 i Sunnfjord kommune.

Den gylne pennen

Sunnfjord kommune har utvikla ein språkprofil som skal hjelpe oss til å skrive slik at det er lett å forstå kva vi meinar. Mange tilsette har gjennomført kurset «Den gylne pennen». Kurset gjer oss bevisste på korleis det er lurt å formulere seg. 

Høyring av gebyrforskrifter for teknisk sektor

Fellesnemnda for Sunnfjord kommune ber om innspel til nye forskrifter. Forskriftene skal gjelde frå 1. januar 2020.

Forskrift om feie og tilsynsgebyr

Forskrift om vass- og avløpsgebyr

Forskrift om gebyr for reguleringsplan, bygge- og delesaksbehandling, oppmåling og eigarseksjonering

Høyringsfrist

Frist for innspel er 1. juli 2019.

Slik kan du sende innspel

Gaular kommune tek imot høyringssvar på vegner av fellesnemnda for Sunnfjord kommune. Du kan sende innspel til:

Eigarskapsmelding Sunnfjord kommune

Dette er den første eigarmeldinga som vert utarbeidd for Sunnfjord kommune.
Meldinga gjeld for åra 2020 – 2021, og eigarmeldinga bør rullerast kvart år. Det er
Kommunedirektøren som har ansvar for rullering av meldinga, etter bl.a rapportering frå
eigarrepresentantane.

Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Torsdag 04. april 2019 frå klokka 18:00 – 20:00 inviterer vi til felles foreldremøte for komande Sunnfjord kommune.