Aktuelt

Ope møte om klimaplanen 24. januar 2019

VI inviterer til folkemøte om forslaget til klimaomstillingsplan torsdag 24. januar i utstillingssalen i Førdehuset, klokka 18.00 til 21.00

Ung i Sunnfjord

Har du ein idè om aktivitet for ungdom i Sunnfjord? Ungdomsråda gjev vekk 100 000 kroner til aktivitetar for ungdom i Sunnfjord kommune. Dei ønskjer å støtte aktivitetar som bidreg til å styrkje ein felles identitet i den nye kommunen.

Høyring vedtekter SFO-tilbod

Vedtektene for SFO-tilbodet i ny kommune er og sendt på høyring. Formelle høyringspartar er skulane, samarbeidsutvalet/ skulemiljøutvalet ved skulen, foreldrerådet for SFO og dei tilsette sine organisasjonar. Vedtektene skal behandlast i fellesnemnda og i dei enkelte kommunestyra sidan ein tek sikte på at vedtektene skal gjelde frå 1. august i 2019. Frist for høyring 25.januar […]

Høyring vedtekter for kommunale barnehagar

Vedtektene for dei kommunale barnehagane i Sunnfjord kommune er sendt på høyring til barnehagane. Formelle høyringspartar er dei kommunale barnehagane, Samarbeidsutval, foreldreråd og dei tilsette sine organisasjonar. Vedtektene skal behandlast i fellesnemnda og i dei enkelte kommunestyra sidan ein tek sikte på at vedtektene skal gjelde frå 1. august i 2019.

Sunnfjord kommune – eitt år igjen!

Arbeidet med å etablere Sunnfjord kommune går bra, og vi er godt i rute til å vere operative 1.1.2020. Vi har bak oss eit hektisk år der vi har fått på plass mykje av det som skal vere «grunnmuren» for den nye kommunen: Politisk organisasjonsstruktur Administrativ struktur Leiargruppa er tilsett Einingsleiarane er tilsett Tilsette i […]

Økonomiplanar 2019-2022

Økonomiplanar for 2019-2022 er utarbeidd for kvar av dei fire kommunane som blir Sunnfjord kommune. Fram til 2020 skal kommunane etter lova kvar for seg utarbeide og vedta økonomiplanar.  Fellesnemnda for Sunnfjord kommune vi handsame planane i etterkant. Det vil også bli utarbeidd eit skuggebudsjett med grunnlag i kommunane sine økonomiplanar. Dette vil ta hensyn til organisering av Sunnfjord kommune og prognosar for økonomiske rammer for den nye kommunen.

Samanlikning av helsetenester i Sunnfjord

Prosjektet for pleie og omsorg har samla relevant statistikk innan pleie- og omsorgstenester for dei fire kommunane våre.

Felles tenestestandard for helse – og omsorgstenester i Sunnfjord kommune

Ved etablering av Sunnfjord kommune har vi funne det tenleg å samordne kriteriane for tildeling av tenester i helse – og omsorg, og at desse trer i kraft så tidleg som mogeleg. Slik kan vi sikre at vi i størst mogeleg grad har felles praksis/felles tankesett for tildeling av tenester frå 01.01.2020. Det er derfor laga eit forslag til felles standard for tildeling av pleie- og omsorgstenester for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal som skal gjelde frå 01.01.2019. Vidare ynskjer vi også at desse tenestestandardane skal gjelde når Sunnfjord kommune vert etablert frå 01.01.2020, men at dei i løpet av dette året også vert revidert.

Første leiarsamlinga i Sunnfjord kommune

6. og 7. november 2018 vart den første leiarsamlinga i Sunnfjord kommune gjennomført. Til stades var om lag 80 spente og engasjerte leiarar, hovudtillitsvalte og verneombod.

Høyring: skuleruta 2019/2020 og skuleveke på 5 dagar for alle

Det er no høyring for skuleruta 2019/2020. Det er også høyring eit framlegg om at alle elevane i dei fire Sunnfjrod kommunane skal ha 5-dagars skuleveke frå 2019/2020.