600 dagar til Sunnfjord kommune

I dag, 11.mai er det 600 dagar igjen til Sunnfjord kommune skal vere etablert som sjølvsendig kommune. Arbeidet med å etablere den nye kommunen er i godt i gjenge. Stemninga i dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune er god, og vi er i rute for å nå fristen 31.12.2019.

Samanslåinga av kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal til Sunnfjord kommune er ein av dei største kommunesamanslåingane i Norge målt i tal kommunar. Den nye kommunen vil få eit folketal på nær 22 000 innbyggarar – 1/5 av folketalet i Sogn og Fjordane.

Før jul vart eg tilsett som leiar for samanslåingsprosjektet og som rådmann for den nye kommunen. Eg er svært audmjuk for den store oppgåva som ligg framfor meg, men eg er ikkje åleine – eg har mange flinke og entusiastiske tilsette og politikarar med meg på laget. Men først og fremst kjenner eg meg privilegert som får lov til å arbeide med eit så spennande prosjekt der vi faktisk skal skape ein heilt ny kommune.

Fram til 1.september vil eg vere både prosjektleiar og rådmann i Førde kommune. Etter den datoen vil Lise Mari Haugen overta som rådmann i Førde kommune, og eg skal konsentrere meg om den nye kommunen.

Eg er 62 år, og utdanna jordskiftekandidat frå Landbrukshøgskulen. Eg har også utdanning som anleggsingeniør og innan arbeids- og organisasjonspsykologi. Arbeidserfaringa mi har eg først og fremst frå Førde kommune der eg har vore assisterande rådmann og rådmann dei siste 30 åra. Før det arbeidde eg i Asker kommune og NSB.

Det er mykje som skal på plass til nyttår 2020, men vi konsentrerer oss om det som absolutt må eller bør vere på plass 1.januar 2020. Vi har også identifisert oppgåver som med fordel kan og bør vente til den nye kommunen er operativ.

Prosjektet vert leia av Fellesnemnda. 19 politikarar valt blant kommunestyremedlemmane i dei fire kommunane – 7 frå Førde og 4 frå kvar av dei andre. Fellesnemnda har fått fullmakt frå dei fire kommunestyra til å organisere og etablere den nye kommunen. Fellesnemnda vart etablert sommaren 2017, har hatt 9 møte og arbeider godt.

Fellesnemnda har etablert 4 politiske hovudprosjekt der politikarane i fellesnemnda er medlemmar i prosjektgruppene:
• Politisk organisering – leiar Åsmund Berthelsen
• Framtidas lokaldemokrati – leiar Reidun Støfring
• Eigarskap – leiar Bjørn Harald Haugsvær
• Symbol og identitet – leiar Anita Eide Kvamme.

I juni skal fellesnemnda vedta den politiske organiseringa. Berre talet på representantar i det nye kommunestyret er førebels bestemt – 45.

11.mai.2018
Ole John Østenstad
Rådmann i Sunnfjord kommune