Eg, Tobias Dyregrov, er denne gangen på Rådhuset i Førde for å intervjue Liv Janne Bell Jonstad som jobbar på rådhuset. Ho skal gå 52 turar i den nye storkommunen vår. Ho arbeider 50 % i Førde kommune, og 50 % i prosjektsekretariatet til Sunnfjord Kommune.

Kva målgruppe vil du ha med deg på desse 52 turane?
Tanken til Liv Janne bak desse 52 turane er at ho synes at det er viktig at folk blir betre kjent i den nye storkommunen sin. Ein kjenner kanskje kommunen ein bur i mest, men no har ein moglegheita til å bli kjent med alle stadane i den nye storkommunen. Liv Janne fortel òg at ho likar å gå på tur i fjellet sjølv, og ho har hatt ein fjellblogg i fleire år der ho har hatt eit ønske om at folk skal variere turmåla sine og bli kjent med nye plassar. Ho tenkjer også at når vi skal bli ny kommune om 1 år, er dette ein fin måte for å bli kjent med desse fire kommunane på. På bakgrunn av dette ville ho starte arrangementet 52 turar i Sunnfjord kommune 2019. Det er opp til folk sjølve å bli med på dette, men formålet er at dei skal gå turane i alle dei fire kommunane i løpet av 2019. Viss ein skal vere med på dette er det også eit håp om å gå 52 ulike turar. Det er eit ope arrangement, slik at folk kan gå og velge turmåla sjølve, men Liv Janne oppmoda folk om å ta med seg andre på tur.

Er det nokre av desse turane som vi som evt. sit i rullestol eller har funksjonsnedsettelsar kan vere med på?
Liv Janne fortel at ein bestemmer kva turar ein skal gå på sjølv. Ho seier at det treng ikkje nødvendigvis å vere ein fjelltur, det kan vere ei fin rundløype i for eksempel nærområdet. Det kan også vere nokre plassar som er tilrettelagt for å komme seg fram med rullestol og liknande. For eksempel å gå ein tur inn til bekkjavatnet frå Hunsrasta. På Sande har dei ein folkesti som går i frå sentrum til ein gammal veg som er lysbelagt, over ei bru og inn igjen på bilvegen. Dette er ein flott tur som er tilrettelagt for rullestolbrukarar. I Jølster og Naustdal er ikkje Liv Janne så godt kjent, men ho tenkjer at det absolutt er turar som kan gåast av personar med funkjonshemming.

Er bloggen din i drift endå?
Ja, den er oppe å går. Ho skulle ønskje at ho hadde tid til å skrive fleire innlegg om nye turar, men tida strekker ikkje alltid til. Turane som ho har lagt ut går ikkje ut på dato, men ho prøver å legge inn nye turar inn i mellom. Dette er ikkje ein blogg som skal vere ein nyheitsblogg, dette er ein blogg som lever. Eit innlegg er like gyldig i år som for 10 år sidan seier ho. Liv Janne seier at ho har sortert turmåla sine, slik at til dømes om du ønskjer å gå ein tur i Førde, så kan du trykke på ein link for å få oversikt over turar i Førde. Dette gjelder også for fleire kommunar i Sogn og Fjordane. Liv Janne fortel at det er fleire som brukar bloggen hennar for å finne ulike turmål. Ho seier også at ho har ei facebookside som tilhøyrer i samband med bloggen, som heiter det same som bloggen hennar: Liv Janne sin tur og fjellblogg. Her postar ho bilder frå turane, som ho til dømes legg ut på facebooksida hennar og instagram. Denne facebooksida er litt hyppigare oppdatert enn sjølve bloggen. Ho seier at ho starta bloggen i 2008, der ho skreiv nokre innlegg då. Tanken hennar den gongen var å motivere folk til å gå nye turar sidan det den gong ikkje var så mykje merking av turar. Folk gjekk den gong der dei var kjende og oppsøkte ikkje nye turar.

Bloggen til Liv Janne kan du besøke her: www.fjell-luft.blogspot.com

Kvifor meinar du vi skal bli bedre kjent i den nye storkommunen?
Liv janne meiner det er viktig å bygge identiteten til den nye storkommunen. Frå å vere 4 kommunar skal vi no bli slått saman til 1 storkommune. Å bli kjent i alle kommunane er bra for bygging av storkommuneidentiten.

Korleis starta interessen din med desse 52 turane?
Liv Janne likar veldig godt å gå fjellturar. Då ho var lita gjekk ho mykje på fjellet med foreldra sine. Seinare traff ho mannen sin, som også er glad i å gå på fjellet. Dei har alltid vore opptekne med å finne nye turmål saman. Ho seier at ho ikkje er så oppteken av målsettingar, men ho er glad i å lage seg nokre mål som ho skal gjennomføre. Liv Janne seier at ho vil prøve å gå på tur heile året. Med dette vil ho prøve å få med seg så mange som muleg til å gå på tur i den nye storkommunen i løpet av 2019.

Er desse turane tilfeldig valgt?
Dei er ikkje bestemt. Dette er opptil dei som er med på arrangementet som bestem kvar turane skal gå.

Er det viktig å få innesittande folk til å delta på turane? Korleis tenker du å få dei med?
Ho synes det er kjekt om dei som ikkje interesserar seg for fjelltur blir med, og at det nødvendigvis ikkje treng å vera 52 turar. Ho tenker at fysisk aktivitet er godt for helsa, og det å kome seg ut i frisk luft er viktig. Det er også viktig å bli kjent på ulike plassar som ein ikkje har vore på før.

Tobias Dyregrov er i praksis i Sunnfjord kommune, og lagar reportasjar om mykje av det spanande som skjer i den nye kommunen vår.