500 dagar att til Sunnfjord kommune

Søndag 19. august var det 500 dagar til vi blir Sunnfjord kommune! Vi er godt i rute for å komme i mål til fristen 31.12.2019.

Eg har no vore prosjektrådmann for Sunnfjord kommune i om lag eit halvt år. Dette har vore kjekke månader der eg eg har fått treffe mange dyktige tilsette og politikarar i våre fire kommunar. Fram til no har eg hatt delt stilling som rådmann i Førde og som prosjektleiar, men frå 1. september skal eg arbeide i full stilling som prosjektleiar.

Administrativ organisering
Etter at fellesnemnda 9. mai 2018 vedtok administrativ organisering byrja arbeidet med å plassere inn tilsette i den nye organisasjonen. Før sommaren gjennomførte eg saman med rekrutteringsfirmaet Skagerak Consulting formelle intervju med dei som hadde signalisert interesse for å bli ein del av mi leiargruppe. Eg valte å tilsette i 10 av 12 leiarstillingar. Stillingane som kommunalsjefar for barnehage og kultur/idrett blir lyst ut eksternt på eit seinare tidspunkt. Sjå organisasjonskart

Leiargruppa vil bestå av tidlegare tilsette frå alle kommunane:
• Assisterande rådmann: Lise Mari Haugen (assisterande rådmann Førde)
• Kommunalsjef skule: Atle Fasteland (rådmann Gaular)
• Kommunalsjef helse og sosial: Kurt Even Andersen (kommunalsjef Førde)
• Kommunalsjef omsorg: Kirstin Bruland (kommunalsjef Jølster)
• Kommunalsjef teknisk og miljø: Øyvind Bang-Olsen (rådmann Naustdal)
• Stabsleiar fagutvikling: Øystein Høyvik (stabsleiar Førde)
• Stabsleiar personal og organisasjon: Jan Birger Moe (personalsjef Førde)
• Stabsleiar service: Ellen Jensen (rådmann Jølster)
• Stabsleiar samfunnsutvikling og næring: Trond Ueland (kommunalsjef Førde)
• Stabsleiar rekneskap og skatt: Terje Guddal (har i dag same rolla i høve alle dei fire kommunane).

Innan 1. november 2018 skal vi ha tilsett leiarar for alle einingane i Sunnfjord kommune. For mange av leiarstillingane vil det ikkje skje endringar – det vil vere same rektor eller styrar som held fram. Men for nokre fagområde vil det skje nytilsettingar. Til desse stillingane er eg trygg på at vi vil finne gode kandidatar blant leiarane i alle våre fire kommunar. Dei nye kommunalsjefane vil vere sentrale i denne prosessen og vil gjennomføre naudsynte avklaringssamtalar/-møte med dei involverte.

I november og desember 2018 vil vi arbeide med bemannings- og kompetanseplan for heile organisasjonen – og kor målet er at tilsette tidleg i 2019 veit kva som blir sin arbeidsplass frå 01.01.2020. Men igjen; for dei fleste  vil det vere same arbeidsplass og –oppgåver som gjeld.

Politisk organisering
Fellesnemnda har også vedtatt ny politisk organisering.

Utvikling
Vi er allereie byrja å sjå resultat av Sunnfjord kommune. Måndag 13.08.18 vart det gjennomført felles utviklingsdag for om lag 1 000 tilsette i skulane og barnehagane. Temaet var «inkluderande barnehage og skulemiljø», og med fokus på førebygging av mobbing. Vi har i etterkant fått mange positive tilbakemeldingar på samlinga. Les om inkluderande barnehage og skulemiljø.

Framover vil vi også ha stor merksemd på utvikling av gode tenester med fokus på digitalisering, desentralisering og nærleik. For å hjelpe oss i dette arbeidet har vi tilsett Jakob Andre Sandal. Jakob Andre er i dag tilsett i Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT), er busett på Jølster, og han er varaordførar i kommunen.

Informasjon
11. og 12. september 2018 kl 18.00 – 20.00 blir det gjennomført felles informasjonsmøte for alle tilsette. Samlingane vil vere i Festsalen i Førdehuset. Meir informasjon

 

Eg gler meg til det vidare arbeidet – lykke til!

Ole John Østenstad
Rådmann Sunnfjord kommune